Melding fra styre til alle medlemmer 28.1.2021

Kjære alle medlemmer i laget.


Håper det går bra med dykk i desse tider med mykje isolasjon, og i tillegg vinter og glatte vegar. Me som slit med hørsel, og er van med å lese på munnen har ekstra utfordringar. Å oppfatte kva folk seier når dei går med munnbind er nesten umogeleg.

Me i styret i hørselslaget har fått gjort lite i det siste året, men me er her om nokon treng hjelp ang hørselsutfordringar. Me kan ikkje så mykje meir enn dykk, men me kan gjerne gje tips om kvar du finn hjelp. Og i desse tider er det særs godt å kunne prate med nokon som gjerne står i dei same utfordringene. Me er lei oss for at julemøtet ikkje vart noko av, men dette styrte me ikkje sjølve. At me no går mot årsmøte igjen med same restriksjoner er ille. Me får ikkje samlast meir enn 10 personer i eit lokale så det let seg ikkje å ha vanleg årsmøte. Å ha digitalt årsmøte ser ikkje styret som noko løysing.

Godkjend årsmelding og rekneskap for året (vedlagt), må me sende inn til fylkes-laget for å få penger til laget. Me ber derfor medlemmene i laget om å lesa mail og godkjenne årsmelding og rekneskap for 2020 (still gjerne spørsmål til oss). Høyrer me ingenting innan 15.febr 2021, reknar me de er einige.      

Ber og om at styret får fullmakt til å føreslå kandidater til å vera med på fylkesårsmøtet og landsmøte  (stor sannsynleg at dei vert digitale).
Og sidan det er unntakstilstand legg me resten av årsmøtet på vent, evt forflytter det eit år. Noverande styret vert då sitjande.
Me er ellers glade for å ha kontakt med dykk, så ta gjerne kontakt.

Med helsing, og ynskje om ein god vår for alle
frå styret i HLF Nordhordland





Her er HLF Nordhordland på

Mastrevik Torg i Austrheim

kommune med høyrsle boksen.